Spesialsøk frå Google
14. oktober 2009Vi har før vore innom søkemotoren Google og sett på noko av det denne kan hjelpe ein slektsgranskar med. Frå før av har Google ein del spesialtilpassa søk. Til dømes kan du skrive følgjande i søkefeltet til www.google.com: slekt filetype:ged Du vil da få fram ein heil del gedcom-filer som ligg på nettet og som det i mange tilfeller vil vere mogeleg å laste ned. No har Google laga nok eit spesialsøk. Gå til www.google.com og skriv “etternamn” family history. Byt ut “etternamn” med til dømes ditt eige.