"Tilhøve" og "Enda i skilsmisse" i etter

Diskusjon om ord, uttrykk og uttrykksform i Legacy på norsk (bokmål og nynorsk)
Knut Sk
Innlegg: 4
Registrert: 30.12.2005 0:10

"Tilhøve" og "Enda i skilsmisse" i etter

Legg innav Knut Sk » 18.01.2006 19:33

Eg liker ikkje uttrykket "Ekteskapet enda i skilsmisse (dato)". Kan ein ikkje heller skrive "Ekteksapet vart oppløyst (dato)" eller rett og slett "Skilt (dato)"?

Eg synest uttrykket "NN hadde eit tilhøve til XX" lyder kunstig. Enn om ein skriv "NN var i lag med XX", eller "NN var saman med XX"?

På slike private område i livet er det viktig å bruke nøytale nemningar som ikkje støyter nokon. Og eg har vel ikkje tilgang til språkfila slik at eg kan rette uttrykka sjølv?

Brukeravatar
Arne Remvik
Forumadministrator
Innlegg: 682
Registrert: 31.10.2003 23:59
Sted: Ålesund

Legg innav Arne Remvik » 18.01.2006 20:35

Jeg skal gjøre oversetterne oppmerksomme på innlegget ditt, så regner jeg med at en eller annen føler seg kallet til å svare.

Takk for innspillet!
Mvh
Arne R
---------------
TNG slektsdatabase: http://remvik.com/slekt/tng/

GAH
Innlegg: 2
Registrert: 20.09.2005 0:05
Sted: Bryne
Kontakt:

Legg innav GAH » 18.01.2006 21:56

I språkfila er setninga på engelsk:
"The marriage ended in" xxxxx
På nynorsk:
"Ekteskapet enda i" xxxx

xxxx vert henta frå "Sentralregisteret over ekteskapsstatus" som ein legg inn på dei aktuelle para.

Her kan ein bruke standardverdiar - eller leggje inn eigne "statusar".
Setninga vert då sett saman av setninga i språkfila og ekteskapsstatus.

Skal ein få setninga: "Ekteskapet vart oppløyst (dato)", så må ein i språkfila ha: "Ekteskapet vart" og lage ein ekteskapsstatus "oppløyst"

Skal ein få setninga: "Skilt (dato)", må ein ha "blank" setning i språkfila.

Eg ser ikkje noko god løysing for desse to alternativa.

NN "hadde eit tilhøve til" XX
I språkfila er setninga "hadde eit tilhøve til" (engelsk: "had a relationship with")

Ei "løysing" her kan vere å ha NN "fekk barn med" XX

Men då blir det eit spørsmål om me skal omsetje eller omskrive frå den engelske teksten.
Me har "omsett" og ikkje "omskrive" til nynorsk.
Skal ein omskrive, så er det ei sak som omsetjargruppa må drøfta og ta ei avgjerd på.

Sender kopi av dette svaret til omsetjargruppa.

GAH

Knut Sk
Innlegg: 4
Registrert: 30.12.2005 0:10

Legg innav Knut Sk » 18.01.2006 22:26

Takk for raskt svar. Eg forstår ikkje heilt korleis ordet "skilt" i sentralregisteret for ekteskapsstatus vert forvandla til "skilsmisse" når ordet vert henta til rapporten, men det trenger eg eigentlig ikkje vite, heller.

"Fekk barn med" er eit betre uttrykk enn "Hadde eit tilhøve til", og stort sett er det vel berre når folk får barn i lag at vi legg ugifte par inn i databasen. Kven som hadde det beste forslaget, blir ein smakssak.

Spørsmålet om ein skal oversetje eller omskrive er interessant. Eg trur det beste er å skrive eit norsk språk som flyt så godt at at ein ikkje ser at det er oversett frå amerikansk. For å få til det, kjem ein ikkje unna å omskrive.

Brukeravatar
Arne Remvik
Forumadministrator
Innlegg: 682
Registrert: 31.10.2003 23:59
Sted: Ålesund

Legg innav Arne Remvik » 19.01.2006 0:13

Knut Sk skrev:Spørsmålet om ein skal oversetje eller omskrive er interessant. Eg trur det beste er å skrive eit norsk språk som flyt så godt at at ein ikkje ser at det er oversett frå amerikansk. For å få til det, kjem ein ikkje unna å omskrive.


I mange tilfeller har vi prøvd å omskrive for å få til så god oversettelse som mulig, og det gjelder både på bokmål og nynorsk. Noen ganger har dette vist seg å være vanskelig på grunn av at setninger er sammensatt av flere deler/variabler i språkfila. Da har vi pleid å ta dette opp med programmererne i Millennia, og som oftest har de bidratt med løsninger som vi har kunnet akseptere.

Igjen vil jeg takke for innspillet, det er slike tilbakemeldinger som bidrar til at Legacy på norsk blir best mulig.
Mvh

Arne R

---------------

TNG slektsdatabase: http://remvik.com/slekt/tng/


Gå tilbake til «Språklig diskusjon»

Hvem er online

Brukere i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 2 gjester